A-symbol - grønn

Rett til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen

Nasjonal ordning for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen for hushaldningar med låg inntekt frå 1. mai 2015

Barnehagar i Noreg, private og offentlege/kommunale, skal frå 1. mai 2015 ikkje ta meir i brukarbetaling enn 6 % av hushaldninga si samla skattbare inntekt. Det vil seie at om samla inntekt er lågare enn kr 500 500,-, så har familien rett til redusert månadleg betaling for barnehageplassen. Dersom inntekta til hushaldninga er lågare enn kr 450.000,-, har barn på 3, 4 og 5 år (og barn med utsett skolestart) rett til 20 timar i veka gratis kjernetid i barnehagen. Kjernetida i barnehagen i Aukra er frå kl. 10 – 14 kvar dag i veka.

For meir utførleg forklaring av ordningane viser vi til Utdanningsdirektoratet sin informasjon: Foreldrebetaling

Dersom de har spørsmål om ordningane kan du/de rette dei til den enkelte barnehage.

Søknadsfrist er starten på barnehageåret.

Søknadsskjemaet finn du i høgremenyen under sjølvbetening og under skjema a-å. Dersom du har spørsmål, er det berre å ta kontakt med Aukra kommune tlf. 71 17 15 00 eller e-post post@aukra.kommune.no
 

Tips ein ven Skriv ut