Reingjering av hovedvassleidningar

Aukra kommune gjennomfører regelmessig reingjering av hovudvassleidninga i Aukra kommune. Reingjeringa skjer hovudsakleg om sommaren, men reingjering blir om naudsynt også gjennomført elles i året. Dei som bur i dei aktuelle områda som skal reingjerast vil som hovudregel bli varsla i forkant gjennom Aukra kommune sitt telefonvarslingssystem. Spyling av vassleidningsnettet kan føre til dårlegare vasstrykk og vasskvalitet i spyleperioden.

Kommunen reingjer hovudvassleidningsnettet for å hindre gjengroing og for å sikre god vasskvalitet ute på kommunen sitt vassleidningsnett. Ved reingjering opnes det ventilar i vasskummar i perioder inntil 30 min slik at det spyles ut store mengder vatn på kort tid. Vatnet i vassleidninga får då stor hastigheit og tek med seg slam som er avleira på innsida av røyrveggen. Det spyles til vatnet er blitt klårt.

Mens spylinga pågår kan vasstrykket blir dårlegare, og nokon abonnentar kan bli heilt utan vatn. Det anbefalas å ikkje nytte vassbrukande maskiner under spyling, samt å begrense tapping frå vassleidningsnettet til eit minimum. Dersom huseigar brukar vatn samtidig som det foretas spyling, kan dei får grumsete vatn inn i huset. Misfarga vatn kan også forekomme etter at arbeida er avslutta. Prøv då å tappe kaldtvatn, helst frå første tappestad etter hovudstoppekran, og la vatnet renne inntil det blir klårt.

Ved spørsmål ta kontakt med Aukra kommune på telefon 71 17 15 00.

Tips ein ven Skriv ut