Bilde

Reguleringsplan Torhaugmyra aust, endring 01 - Melding om planvedtak

Klagefrist 03.11.2017

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 10.10.2017, sak 68/17, vedteke reguleringsplan Torhaugmyra aust, endring 01.

Dokumenta er tilgjengelege på fylgjande stader:

• Papirversjon i resepsjonen på kommunehuset

• Digitalt på kommunen sin planportal (www.aukra.kommune.no – Planar og høyringar – Siste vedtekne planar – Reguleringsplan Torhaugmyra aust, endring 01

Kommunestyret sitt godkjenningsvedtak for denne reguleringsplanen kan påklagast til fylkesmannen i Møre og Romsdal innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. Plan- og bygningslova § 1-9, og forvaltningslova kapittel VI.

Krav om erstatning etter § 15-3, og innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må settast fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Klagen skal være grunngjeven, og skal sendast til: Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller post@aukra.kommune.no.

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)

Plankart

Føresegner

Planomtale

Innkomne merknader etter høyring

Utsnitt av kommunens VA-norm

Tips ein ven Skriv ut