Kartutsnitt

Reguleringsplan Torhaugmyra aust - endring 01 - Melding om oppstart

27. februar 2017 - 29. mars 2017

Frist for merknader 29.03.2017

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-14 varslar Aukra kommne at det blir starta arbeid med endring av gjeldande reguleringsplan 1547201312 - Torhaugmyra aust, vedteken 27.11.2014.

Føremålet med reguleringsendringa er å:

  1. Endre reguleringsføremålet på bustadtomtene langs fylkesveg 215 (BF9-BF11) frå frittliggande einebustader til friområde. På grunn  av terrengtilhøve og byggegrenser vert det for lite nyttbart areal til bustader med tilhøyrande anlegg.
  2. Fjerne innkøyringa for barnehagen (O_BH) i nord-vest, og i staden etablere ein vendehammar her. Dette vert gjort for å redusere trafikkbelastinga forbi bustadfeltet BF3. Ny innkøyring til barnehagen vert etablert i syd.
  3. I tillegg ønskjer kommunen å justere nokre av tomtegrensene for å sikre fornuftig plassering av bygg i terrenget, samt å sikre at reguleringsføresegnene er av tilstrekkelig kvalitet med omsyn til den føreståande byggsakshandsaminga.

Oppstartsmeldinga med tilhøyrande vedlegg er og tilgjengelig i resepsjonen på kommunehuset og på Aukra kommune sin planportal.

Merknader til planarbeidet skal sendast kommunen innan 29.3.2017, og vi ber om at de nyttar funksjonen "Send ein uttale til planen", der det og er høve til å leggje ved relevante vedlegg.

Vedlegg
Torhaugmyra aust - gjeldande situasjon
Torhaugmyra aust - forslag til endring

 





Tips ein ven Skriv ut