Rådmannsteamet

Rådmannen er bindeleddet mellom administrasjonen og dei politiske organ. Rådmannen har formelt ansvar og oppgåver etter kommunelova §§ 22 og 23.

Rådmannsteamet består av rådmannen samt kommunalsjef for plan og utvikling og kommunalsjef for drift og forvaltning, og utgjer kommunens toppleiarteam. Kommunalsjefane har rådmannens mynde vis a vis einingane når det gjeld overordna oppsyn med fag og økonomi, men ikkje når det gjeldpersonalansvar. Det ansvaret ligg til rådmann.

Kommunalsjefanes ansvar og oppgåver gjeld både tverrsektorielle oppgåver og ansvar og oppgåver knytta til einingane. Kommunalsjefane har, saman med rådmannen, totalansvaret for overordna administrative forhold, internt i Aukra kommune og overfor eksterne styresmakter og øvrige samarbeidspartnerar.

 

Ingrid Husøy Rimstad
Ingrid Husøy Rimstad

Rådmann

Jan Erik Hovdenak
Jan Erik Hovdenak

Kommunalsjef drift og forvaltning

Geir Goncz
Geir J. Göncz

Kommunalsjef plan og utvikling

Tips ein ven Skriv ut