ROR-logo

Prosjekt "Saman for lindring"

Dette er eit interkommunalt samarbeidsprosjekt mellom ROR- kommunane og sjukehuset i Molde om kompetanseheving, ”plan for lindring” og samarbeid innan palliasjon.

Definisjon palliasjon:
Palliasjon er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasienter med inkurabel sykdom og kort forventet levetid. Lindring av pasientens fysiske smerter og andre plagsomme symptomer står sentralt, sammen med tiltak rettet mot psykiske, sosiale og åndelige/eksistensielle problemer. Målet med all behandling, pleie og omsorg er best mulig livskvalitet for pasienten og de pårørende. Palliativ behandling og omsorg verken fremskynder døden eller forlenger selve dødsprosessen, men ser på døden som en del av livet. ( Norsk handlingsprogram med retningslinjer for palliasjon i kreftomsorgen)

Romsdal Regionråd (ROR) består av kommunane Aukra, Eide, Fræna, Nesset, Midsund, Molde, Rauma og Vestnes. Det er ulike fagnettverk mellom ROR -kommunane, aktuelt i dette prosjektet er Samhandlingsnettverket beståande av representantar frå alle kommunane og Helse Møre og Romsdal.

Vi ønskjer med prosjektet ”Saman for lindring” å heve den generelle kompetansen innan palliasjon, sikre tilgang på spesialkompetanse på kveld, natt og helg, implementere ein standardisert «plan for lindring» og styrke samhandling gjennom gode praktiske løysingar som skal ha overføringsverdi til alle kommunar i helseføretaket. Vi vil også leggje til rette for at frivillige og likemenn i større grad kan delta i kreftomsorga. Gjennom auka kompetanse, auka tilgang og bruk av ein plan for lindring ønskjer vi å oppnå eit betre tenestetilbod og gi tryggleik og forutsigbarheit for pasientar og pårørande i ein sårbar livsfase.

Vi er opptekne av at alle pasientar med behov for palliasjon får det same lindrande tilbodet i våre kommunar. Kreftpasientar er ei stor gruppe som det er mykje fokus på. Lettare å oversjå kan vere sjukeheimspasientar med langt komen demenssjukdom, KOLS, hjertesvikt eller nevrologisk sjukdom.

Vi erfarer stadig utfordringar med eldre pasientar på sjukeheim med komplekse sjukdomsbilete og med stort behov for  palliasjon. I Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorga blir det poengtert at palliativ behandling ikkje berre gjeld kreftpasientar, og at dei meir generelle delane av handlingsprogrammet også er relevante og aktuelle utanfor kreftomsorga. Det er med dette viktig å identifisere og kartleggje alle pasientar i kommunane våre med behov for  palliasjon for å kunne planleggje god behandling, pleie og omsorg.

Alle kommunane i Romsdal Regionråd har stadfesta at dei deltek i prosjektet, og har sett av ressurspersonar for praktisk arbeid i gruppene. Desse ressurspersonane blir saman med prosjektleiinga ansvarleg for implementering av dei ulike tiltaka i sine kommunar, og også for vidareføring etter at prosjektperioda er slutt.

Målgruppe:
Pasientar i ROR- kommunane som har behov for lindrande behandling, pleie og omsorg, samt pårørande, og legar, sjukepleiar og andre aktørar i kommunane som jobbar med palliative pasientar.

Hovudmål
ROR- kommunane gir eit heilskapleg, kvalitativt og samanhengande tenestetilbod innan palliasjon, som fører til forutsigbarheit, tryggleik og best mogeleg livskvalitet for pasientar og pårørande med behov for lindrande behandling, pleie og omsorg.

Resultatmål
1. Alle pasientar med behov for palliasjon i ROR- kommunane blir identifisert og får tilbod om tilpassa ”plan for lindring”
2. Palliativ spesialkompetanse i ROR- kommunane blir kartlagde, og det blir innført faste rutinar for interkommunalt samarbeid og tilgang av desse medarbeidarane.
3. Telefonvernebuing blir etablert interkommunalt, og bidreg til tilgang av palliativ spesialkompetanse kvardagar frå 15.00- 08.00, og i helgar/heilagdagar kl. 08.00-08.00.
4. Den palliative spesialkompetansen blir heva for alle faggrupper som er involvert i arbeidet rundt den palliative pasienten og deira pårørande.
5. Det finst gode system for rutinar, prosedyrar og gjeldande verkty i kvar ROR-kommune.
6. Det er lagt til rette for at frivillige og likemenn kan delta i den palliative omsorga i ROR-kommunane.

Prosjektperiode: 01.07.14- 01.01.17

Finansierast hovudsakleg med midlar frå tilskotsordninga «Kompetansehevende tiltak for lindrende behandling og omsorg ved livets slutt», over Statsbudsjettets kapittel 761, post 67.

Tips ein ven Skriv ut