Reingjering

Praktisk bistand og opplæring / heimehjelp

Praktisk bistand/heimehjelp omfattar reingjering i bustad med golvvask og støvsuging. Hjelpa er avgrensa til daglege bruksrom. Heimehjelpa kan hjelpe til med å klargjere måltid. Brukar kan få hjelp til skift av klede, klesvask og skift av brukar sitt sengetøy. Det kan ikkje "sparast" timar for å nytte seinare.

Heimehjelpsmottakar må ha respekt for at vi ikkje yter hjelp på område der brukar kan klare det sjølv. Opplæring kan innvilgast i ein periode - Praktisk bistand og opplæring. Hjelpa kan og ytast som Brukastyrt personleg assistent (BPA)

Heimen må leggjast til retta slik at hjelpa kan ytast utan at arbeidet medfører uheldige belastningar på personalet. Personalet skal ikkje unødig flytte på tunge møblar og tepper. Hjelpar skal ikkje utsettast for unødig røyking, røyker hjelpemottakar må det luftast før hjelpa kjem.

Tenesta omfattar ikkje: Vasking av klede og rom til andre personar eller besøkande i bustaden. Heimehjelpa skal ikkje lage mat til brukaren. Storreingjering av tak, veggar, utvendig vask av vindauge, boning av golv, ta ut store tunge tepper. Hagearbeid, stell av blomsterbed, klippe plen og måke snø. Hjelp til husdyrhald. Hjelp til flytting.

Nødvendig utstyr og vaske/reingjeringsmiddel skal vere på plass i heimen. Arbeidsreiskap skal vere i forsvarleg stand. Støvsugar skal vere lett å bruke og i god stand. Brukar skal gi beskjed om han/ho ikkje er heime når avtalt hjelp kjem. Bur brukar i lag med andre tek vi ikkje oppgåver som normalt andre i husstanden bør utføre. Det blir til vanleg ikkje gitt heimehjelp når brukar har besøk over tid t.d. ferie. Brukar gir beskjed når det kjem besøk. Tenesta har nulltoleranse for vold og truslar. Medlemmar i husstanden må vere tilstades når heimehjelpa utfører arbeidet.

Heimehjelp/praktisk bistand
Eigabetaling i tråd med " Forskrift om egenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester"

Det er høve til å søkje om heil eller delvis fritak for eigabetaling dersom den økonomiske situasjonen tilseier at brukar sjølv ikkje har midlar til å kunne kjøpe seg hjelp som er nødvendig for å kunne greie seg i heimen.

Søknaden blir å sende til Heimetenesta i Aukra, Aukraringen 25, 6480 Aukra.
Brukarstyrt personleg assistent
Betaling som for heimehjelp/praktisk bistand. Jmf «Forskrift om egenandel for kommunale helse – og omsorgstjenester»

Kontakt:
Besøksadresse: Aukraheimen, Aukravegen 303, 6480 Aukra
Postadresse: Aukraringen 25, 6480 Aukra
e-post: post@aukra.kommune.no
Telefon 71 17 11 30 / 71 17 14 23
Vakttelefon heimesjukepleien: 418 59 000

Einingsleiar Jorunn Hurlen tlf 71 17 14 22 / mobil 480 62 984
Avdelingssjukepleiar Linda Eckhoff tlf 71 17 14 39 / mobil 916 04 713
 

Tips ein ven Skriv ut