Politibil

PLIVO-øving på måndag 5. mars

Politi, ambulanse og brannvesen skal ha ei felles øving på måndag 5. mars. Det vert ei PLIVO-øving, der PLIVO står for pågåande livstrugande vald.

Dato og klokkeslett: Måndag 5. mars 2018 kl. 17-21
Stad: Riksfjord skole

Det vil vere aktivitet med utrykkingskøyretøy i området heile ettermiddag/kveld. Politiet vil bruke øvingsvåpen, difor kan du høyre skuddlydar. Dette er ei øving og ikkje ein reell aksjon!

Dersom du treng ytterlegare informasjon om øvinga, ta kontakt med brannvakta på tlf. 71 19 18 00 eller brannmeister Kjetil Ilestad på tlf. 470 24 780

Tips ein ven Skriv ut