Betalingssatsar for Pleie – og omsorgstenester

«Forskrift om egenandel for kommunale helse – og omsorgstjenester» vert lagt til grunn ved eigabetaling i institusjon og i heimebasert omsorg. Satsane blir vedteke i kommunestyret årleg.
Dagopphald / dagsenter-tenester til eldre / personar med demens
Vedteke i k-sak 73/17, gjeld frå 01.01.2018
Kr 124,- per dag (inkl. skyss, mat, aktivitetar og andre tenester den einskilde har bruk for)
 
Avlastning i og utanfor institusjon
Gratis
 
Korttidsopphald/rehabilitering i institusjon / Dag- eller nattopphald
Maksimalsats fastsatt av Stortinget
 
Langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn
Vedteke i k-sak 72/17
  • Eigabetaling for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn vert berekna ut frå bebuar si inntekt i tråd med forskrift. Maksimalpris i 2018 er kr 2.960,- per døgn
  • Dag- eller natt-opphald og korttidsopphald inntil 60 døgn har maksimalpris fastsett i Forskrift
  • Avlastingsopphald skal ikkje ha eigabetaling
  • Har bebuar vore på korttidsopphald eller anna institusjonsopphald over 60 døgn i inneverande kalenderår, betalast det for langtidsopphald frå dag 1.
  • Det er mogleg å søkje om frådrag i ei begrensa periode ved korttidsopphald over 60 døgn. Ein kan få innvilga frådrag for boutgifter (straum, husforsikring, husleige, kommunale avgifter). Om ein har innskot i banken på over 2G, vil ein ikkje få innvilga søknad om frådrag.
 
Matombringing frå 01.01.2018
Vedteke i k-sak 76/17
 
Frokost kr 36,- per porsjon
Varm middag og dessert kr 99,- per porsjon
Kveldsmat kr 36,- per porsjon

Mat må betalast ved fråvær om ikkje brukar seier frå seg matombringing 2 dagar i førevegen. Gjeld ikkje ved akutt innlegging i sjukehus eller sjukeheim. 

 
Leige av tryggleiksalarm frå 01.01.2018
Vedteke i k-sak 74/17
 
Leige kr 170,- per mnd
Linjeleige / SIM-kort kr 57,- per mnd
Innstallering/oppkobling av alarm kr 980,- (eingongsbeløp)
 
Heimehjelp/praktisk bistand
Vedteke i k-sak 75/17
 
Inntekt Satsar for 2018
Inntil 2 G Maksimalsats fastsett av Stortinget
2- 3 G kr 325,- per time / maks kr 770,- per mnd
3- 4 G kr 325,- per time / maks kr 1.245,- per mnd
4- 5 G kr 325,- per time / maks kr 1.810,- per mnd
Over 5 G kr 325,- per time / maks kr 2.263,- per mnd
 
Heimehjelpstimane må  betalast ved fråvær om ikkje brukar seier frå seg heimehjelpa 2 dagar i førevegen. Gjeld ikkje ved akutt innlegging i sjukehus eller sjukeheim.
Det er høve til å søkje om heil eller delvis fritak for eigabetaling dersom den økonomiske situasjonen tilseier at brukar sjølv ikkje har midlar til å kunne kjøpe seg hjelp som er nødvendig for å kunne greie seg i heimen.
Søknaden blir å sende til Heimetenesta i Aukra, Aukravegen 303, 6480 Aukra.
Heimesjukepleie
Gratis
 
Brukarstyrt personleg assistent
Betaling som for heimehjelp/praktisk bistand jf. «Forskrift om egenandel for kommunale helse – og omsorgstjenester».
 
Tips ein ven Skriv ut