Plan og utvikling

Eininga har ansvar for planlegging av arealbruken i kommunen etter Plan- og bygningslova. Det inneber både langtidsplanlegging via kommuneplana si arealdel og samfunnsdel og detaljplanlegging på bakgrunn av kommuneplana. Eininga har og ansvar for å ta i mot private planforslag, og sikre desse handsaming i kommunen.

Mykje av arbeidet i eininga er sakshandsaming  for utval og kommunestyre, mellom anna som planarbeid eller knytt til byggesak.

Eininga handterer og kjøp og salg av kommunal eigedom, og har ansvaret for eigedomsmåling. I samband med oppmålingsarbeidet ligg og ansvaret for ajourhald av matrikkelen.

Ajourhald av kommunens tekniske kart ligg og til Plan og utvikling. 

Landbruksforvaltninga høyrer inn under avdelinga, men her samarbeider vi med frå landbrukskontoret i Fræna, slik at dette administrerast der.

 Eininga har og ansvar for jakt og viltforvaltning.

Kontakt:
Postadresse/besøksadresse: Kommunehuset, Aukraringen 25, 6480 Aukra
e-post: post@aukra.kommune.no
Einingsleiar Kjell Lode, tlf. 71 17 15 60

Tips ein ven Skriv ut

Tenesteforklaringar