Barnehender som held ein kløver

Pedagogisk - psykologisk teneste

Kvar kommune skal ha ei pedagogisk - psykologisk teneste ( PPT ). Aukra har PPT i eit interkommunalt samarbeid, Aukra, Midsund og Molde.

Tenesta skal gje hjelp og rettleiing til barn og unge med særskillte behov. PPT arbeider tverrfagleg saman med skolar, barnehagar og andre kommunale tenester.

Foreldre som er bekymra for barnet eller ungdommen si utvikling eller situasjon, kan ta kontakt med PPT direkte, eller gjennom helsetenesta, skolen eller barnehagen.

Pedagogisk - psykologisk teneste gjev råd, rettleier, bistår med tilrettelegging av undervisning for einskildelevar eller utvikling for førskolebarn. Dei kan og arbeide systemretta mot t.d klassar, skoler eller avdelingar i barnehagen, og bidra til kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling.

Det er PPT som utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det.

Aukra kommune har fokus på tidleg innsats, og vil legge til rette for at alle skal få best mogleg læring og utvikling utifrå sine føresetnader.

Skjema og meir informasjon finn de via linken nedanfor:
PPT for Aukra, Midsund og Molde
Opplæringsloven § 5.6
 

Tips ein ven Skriv ut

Artiklar og nyheiter