Vigsel

 

Vigsel i Aukra kommune

Følg stega nedanfor

Papir som må fyllast ut

Det er Skatteetaten som utfører den førebuande saksbehandlinga.

For å inngå ekteskap i Noreg, må det først vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylte. Dette blir kalla prøving av ekteskapsvilkåra, og blir gjort av folkeregisteret ved det lokale skattekontoret ditt. På bakgrunn av prøvinga, vil folkeregisteret kunne skrive ut ein prøvingsattest.

Attesten er gyldig i fire månader frå utskriving og må vere gyldig på vigselstidspunktet.

Bestill prøvingsattest hos Skatteetaten.no

Original attest må sendast til Aukra kommune tidlegast når gyldig attest ligg føre og seinast 3 veker før vigsel. Original prøvingsattest kan anten leverast i resepsjonen på kommunehuset eller sendast til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.

Konvolutten kan du merke med «Vigsel».

Resepsjonen er opne alle kvardagar klokka 08.30-15.30.