logoen til Aukradagen

Påmelding til Aukradagen 9. juni 2018 - Frist 22. mai

Aukradagen - med eit tilbakeblikk på Soltun si mangfaldige historie.

Har du, din bedrift eller ditt lag/organisasjon lyst til å delta på Markedsplassen, scena eller sjøsportdagen?

Her finn du skjemaet der du melder deg på. Påmeldingsfristen er tysdag 22. mai 2018.
Aukradagen 2018 går av stabelen laurdag 9. juni, Sjøsportsdagen den 10. juni.

Marknadsplassen og utescena
Vi er stolt over den store deltakinga på marknadsplassen kvart einaste år. Dette set vi som arrangør og ikkje minst publikum stor pris på, når heile sentrum vert fylt med aktivitet. Vi ønskjer kvar og ein hjarteleg velkommen både som utstillar, artist, deltakar på konkurransar og som publikum. Vi lover at dette blir ein skikkeleg festdag!

Mange minne er samla i løpet av Soltun si 68 år gamle historie. Om vi spør deg, har du sikkert fleire du kunne ha delt – både gamle og nyare minne. Medan vi gler oss over at vi snart får eit nytt kulturhus på Soltun-tomta, er det på sin plass at vi også markerer at dette er det siste året Aukradagen blir arrangert på og ved Soltun.
Vi inviterer til ei Utstilling med eit spennande tilbakeblikk på historia og aktivitetane i det som ein gong var Nord-Europas største ungdomshus. Du kan også sjå fram til ein flott Konsert med eit skikkeleg «historisk sus».
Følg med på Facebook og kommunen si heimeside, - meir info blir lagt ut der.

Sjøsportsdagen
Aukra Småbåthamn, Ragnalunden er i år arena for Sjøsportdagen. I samarbeid med Aukra Småbåtlag inviterer vi igjen til ein dag fylt med mange spennande og kjekke aktivitetar både på sjø og land, for små og store.
Det blir konkurransar å delta på og sjølvsagt blir det anledning til å kjøpe kaffe og noko godt å bite i. Andre lag og organisasjonar er også hjarteleg velkomne til melde seg på med aktivitetar i Ragnalunden.

Program for helga Stad Tidspunkt
Fredag 8. juni - dagen før dagen    
Konsert - Arrangør: Aukra kammerkor Aukra kyrkje Informasjon kjem
Laurdag 9. juni - Aukradagen    
Velkommen til frukost, marknadsplassen opnar Soltunplassen 10.00 - 16.00
Konsert på utescena Soltunplassen 11.00 - 16.00
Utstilling Soltun 11.00 - 16.00
Konsert Soltun 19.00
Dans - Arrangør: Øyriket underholdning Soltun Informasjon kjem
Søndag 10. juni - Sjøsportsdagen    
Aktivitetar, konkurransar og kafé Aukra småbåthamn 13.00 - 16.00
 
 
Påmelding
Om du ynskjer å leie telt er det mulig å krysse av for det i skjemaet. Også i år gir vi rabattar til lag/organisasjonar og privatpersoner. Det er også fleire alternativ for kva straum du kan bestille, slik at vi beitre kan sikra at du får dekka ditt behov.
 
Prisar for deltaking på marknadsplassen
Lag, organisasjonar og privatpersonar:  Leige av telt: 3x3m kr. 1.200,- / 3x6m kr. 1.700,-
Bedrifter:  Leige av telt: 3x3m kr. 2.200,- / 3x6m kr. 2.700,-
Plassavgift ved bruk av eige telt: kr. 300,-
Straum:
Utlegg av straumkabel til telt, kr. 250,-
Ekstra dobbel jorda kontakt 1200w, kr. 300,-
Skap 3-fas 32A, 3x16A 1-fas ut, kr. 1.600,-

Når skjema er ferdig utfylt og sendt får du opp ei kvitering som ser slik ut:

slik ser kviteringa ut

Tips ein ven Skriv ut