logoen til Aukradagen

Påmelding til Aukradagen 10.6.2017

Har du lyst til å vere med på å gjere Aukradagen til ein folkefest?

Har du, din bedrift eller ditt lag/organisasjon lyst til å delta på Markedsplassen, scena eller sjøsportdagen?

Ved hjelp av skjema  kan du nå melde på deg sølv, bedrifta di eller laget/organisasjonen din, påmeldingsfristen er  måndag 22. mai 2017.
Aukradagen 2017 går av stabelen laurdag 10. juni, Sjøsportsdagen den 11. juni.

Marknadsplassen og utescena

Vi inviterer alle til å bli med og markere jubileet som utstillar på den store marknadsplassen, eller som utøvar på utekonserten. Heile sentrum vert fylt med aktivitet. Vi håper alle støttar opp om arrangementet i jubileumsåret og vi ønskjer kvar og ein hjarteleg velkommen både som utstillar, artist, deltakar på konkurransar og som publikum. Vi lover at dette blir ein skikkeleg festdag!

Om du ynskjer å leie telt er det mulig å krysse av for det i skjemaet. Også i år gir vi rabattar til lag/organisasjonar og privatpersoner.

Det er også fleire alternativ for kva straum du kan bestille, slik at vi beitre kan sikra at du får dekka ditt behov.

Juvika Småbåthamn er årets arena for Sjøsportdagen. Vi samarbeider med Juvika Småbåtlag og Sæter Vel, og saman gler vi oss til å invitere til ein dag fylt med mange spennande og kjekke aktivitetar både på sjø og land, for små og store.
Det blir konkurransar å delta på og sjølvsagt blir det anledning til å kjøpe kaffe og noko godt å bite i.
Andre lag og organisasjonar er også hjarteleg velkomne til melde seg på Sjøsportdagen med sine aktivitetar i Juvika i påmeldingsskjemaet.

Når skjema er ferdig utfylt og sendt får du opp ei kvitering som ser slik ut:

slik ser kviteringa ut

Tips ein ven Skriv ut