Barn som peikar på turskilt i Aukraskogen

Frå barnehage til skole

Vi vil sikre ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen for alle barna i Aukra kommune.

Det er eit overordna mål i Aukra at barnehagebarna og foreldra skal oppleve ein meiningsfull samanheng i utdanningsløpet (jf. kommunal barnehageplan).

Barnehagen skal i samarbeid med skolen, leggje til rette for overgangen frå barnehage til første klasse og eventuellt skolefritidsordning. Det skal skje i nært samarbeid med heimen. Planane for overgangen frå barnehagen til skolen skal vere nedfelte i årsplanen til barnehagen (sitat Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen).

Årshjul overgang barnehage-skule.pdf
Overgang barnehage-skule.pdf

 

Tips ein ven Skriv ut