Hand og blomster

Oppreisingsordning for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal

Det er etablert ei oppreisingsordning for tidlegare barnevernsbarn som har vore utsatt for omsorgssvikt eller overgrep i institusjon som barneheim, skoleheim, spesialskole eller liknande, etter å ha blitt plassert der av ein kommune som er med i oppreisingsordninga, før 01.01.1993.

Oppreising vert ikkje ytt for økonomisk tap. Plasseringar i fosterheim og private plasseringar i barne- og skoleheimar fell utanfor ordninga. 

Kven deltek i ordninga?
30 av kommunane i fylket har slutta seg til ordninga. Dette er kommunane Aukra‎, Averøy‎, Fræna‎, Giske, Gjemnes, Halsa‎, Haram, Hareid‎, Herøy, Molde, Nesset, Norddal, Rindal, Sande, Sandøy, Skodje, Smøla, Stordal‎, Sula‎, Sunndal, Surnadal‎, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein‎, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørskog‎, Ørsta og Ålesund.

Møre og Romsdal Fylkeskommune administrerer ordninga på vegne av kommunane, og eit uavhengig utval på tre personar skal avgjere søknadane om oppreising. Det skal leggast vesentleg vekt på søkaren si eigenmelding. Det difor særs viktig å gjere greie for omstende som ligg til grunn for kravet om oppreising.

Oppreising inneber at kommunen/Møre og Romsdal fylkeskommune tek eit moralsk ansvar og utan atterhald ber om unnskyldning for den omsorgssvikt eller dei overgrep barn blei utsett for. Dette vert følgt opp med eit oppreisningsbeløp som høgst kan settast til kr. 400 000.

Søknadsfrist: 01.04.2018.
Det er utarbeidd eit eige søknadsskjema som kan lastast ned frå nettsida mrfylke.no/oppreisingsordninga eller som ein kan få ved å kontakte sekretariatet. Dette skjemaet må nyttast.

Søknad sendast som brevpost til:
Oppreisingsordninga i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset
Postboks 2500
6404 Molde

Førespurnader kan rettast til sekretariatet på telefon:
71 25 87 08 / 71 25 87 05.
Sekretariatet har lokale i 1. etasje på fylkeshuset i Julsundvegen 9, Molde.

Søknadsskjema og meir informasjon om ordninga finn du på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside.
 

Tips ein ven Skriv ut