Fallskjermhopp Aukra

Opplev Aukra

Turistinformasjon for Aukra kommune

Aukra byr på vakker natur; med flotte strender, fjell og lyngdekte område. På ein og same dag kan du oppleve naturen sitt mangfalt, frå sjø til fjell.

Dei mange tursiane på Gossen tek deg på kryss og tvers gjennom ulike, men lette terreng. Turstiane i Julsundet er bratte og tek deg opp til flott utsyn over øyer og hav. Ramfloget i Julsundet er ein populær stad for fjellklatring.

Skjergarden er ein idyllisk stad enten du ynskjer ein avslappande padletur mellom holmane eller å oppleve naturen under havoverflata.

Julsundet er fastlandsdelen av kommunen. Nærleik til Molde, sjø og fjell, gjer staden attraktiv som buområde og friluftsareal.

Klikk på venstremenyen. Der finn du ein del informasjon om både lokale opplevingar og omegn.

Tips ein ven Skriv ut

Tenesteforklaringar