www.aukra.kommune.no

kvitveis

Omsorgsløn

På tross av offentlege tenester og støtteordningar er det private omsorgsarbeidet heilt avgjerande for dei som treng hjelp og pleie.

Målet med omsorgslønordninga er å bidra til best mogeleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og å gjere det mogeleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet.

Omsorgsløn vert ytt til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid i eit omfang utover det ein kan sjå på som naturleg omsorg for nære pårørande.Omsorgsløn vert sett i samanheng med andre omsorgstiltak.

Ordninga gjeld både gifte og andre frivillige omsorgsytarar utan omsorgsplikt og foreldre som har omsorgsplikt for sine mindreårige barn. Det er ingen øvre aldersgrense for å motta omsorgsløn. For å sikre at den som treng omsorg får dekt behova sine, må kommunen i kvart tilfelle vurdere om eldre omsorgsytarar fortsatt er i stand til å gi forsvarleg omsorg.

Omsorgsløn blir gitt til den som har omsorgsarbeidet, ikkje til den som treng omsorg. Likevel har både den som gir og den som treng omsorg rett til å søkje om omsorgsløn og klage på kommunen sitt vedtak i saka.

Aukra kommune har politisk vedtak om at omsorgsløn har ein maksimalyting på 1G, tilsvarande 10 timar assistentløn per veke.

Personar som søker omsorgsløn kan og ha krav på hjelpestønad:
Informasjon om hjelpestønad på NAV sine heimesider
Søknadsskjema for hjelpestønad frå NAV
 

Tips ein ven Skriv ut