www.aukra.kommune.no

Omsorgsbustad

Aukra kommune disponerer 29 omsorgsbustader

Bustaden er bebuaren sin heim og hjelp frå heimebasert omsorg vert gitt på same vilkår som for andre heimebuande. Eldre, sjuke og funksjonshemma kan søkje om omsorgsbustad når eigen bustad er ueigna på grunn av pleie- og hjelpebehov. Brukar må ha behov for tenester frå heimebasert omsorg. Tildeling av bustad skjer etter ei totalvurdering av søkjar sin fysiske, psykiske og sosiale situasjon. Det er Pleie- og omsorgstenesta som vurderer søknaden og tildeler omsorgsbustad. Den som får tildelt omsorgsbustad skriv husleigekontrakt med Aukra kommune ved eining for tekniske tenester.

Omsorgsbustad er ikkje ei lovpålagt teneste.

Omsorgsbustader i Aukra kommune: Julsundet 4 bustader, ved Aukraheimen 7 bustader, Bergland 5 bustader, Aukra boligselskap, Berglandsvegen 4 bustader, Bergtun bufellesskap 9 bustader

Omsorgsbustadane er ikkje møblerte. Bebuar må ta med eigne møblar inkludert kvitevarer. Husleige inkluderer kommunale avgifter og forsikring av bustaden. Bustaden er tilrettelagt for installasjon av telefon og tv-antenne.
 

Tips ein ven Skriv ut