Situasjonsplan bilete

Omsorgsbase og utleigebustader på Mevold

Aukra kommune byggjer no fire to-roms utleigebustader og ein kontordel på Mevoldfeltet i Julsundet. Kontora vert brukt av helsestasjon og heimetenesta. Heimetenesta skal bruke eit av kontora som base for tenestene i Julsundet, og til overnatting/kvilande vakt i dei periodane heimebuande treng tilsyn på natt. Helsestasjonen vil bruke begge kontora dei dagane dei er der, då både helsesøster, fysioterapeut og lege er til stades. I tilknyting til kontora vert det bygd eit sambruksrom med ein kjøkkenkrok. Dette rommet skal også vere venterom for helsestasjonen med stelleplass, vekt-/lengdemåling og ventesone for foreldre og barn. Vidare vil pleie-/omsorg og helsetenesta bruke sambruksrommet til møte og andre aktivitetar retta mot innbyggjarar i Julsundet.

Sambruksrommet kan og etter avtale leigast ut til lag og organisasjonar.

Ferdigstilling medio oktober 2018.

Teikningar
Situasjonsplan
Fasadar utleigebygg
Fasadar kontorbygg
Snitt A og B
Snitt C, D og E
Plan 1. etasje utleigebustadar
Plan 2. etasje utleigebustadar
Plan 1. etasje kontorbygg

Meir informasjon om retningsliner og søknadsskjemaet for tildeling av kommunal bustad.

Tips ein ven Skriv ut