eigabetaling

Økonomisk sosialhjelp

Stønad til livsopphald/sosialhjelp

Alle som oppheld seg lovleg i Noreg skal vere sikra eit forsvarleg livsopphald. Dei som ikkje har tilstrekkeleg med pengar til å dekkje nødvendige levekostnadar gjennom arbeid, eigne midlar eller ved å gjere gjeldande økonomiske rettigheiter, har krav på økonomisk stønad. For at ein skal ha rett til økonomisk stønad, må den enkelte ha utnytta fullt ut alle reelle moglegheiter til å kunne syte for seg sjølv.

Reelle moglegheiter som må vere prøvd er:

  • lønna arbeid
  • trygderettigheiter
  • bustønad
  • sal av verdigjenstandar
  • redusere utgiftene
  • økonomisk råd og rettleiing

Kommunen kan i særlege høve også yte økonomisk sosialhjelp til personar som treng dette for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. Sjølv om denne stønaden ikkje er ei pliktmessige yting, kan det i konkrete høve vere openbart urimeleg å gje avslag.

Stønad i særlege høve, kan vere aktuelt i samband med:

  • Utgifter som ikkje er nødvendig for livsopphaldet for den enkelte, men der utgifta er nødvendig for å dekkje eit behov vurdert ut frå ein heilheitleg livssituasjon. Dette kan t.d. vere utgifter til ulike typer kurs, spesielle fritidsaktivitetar, alternativ behandlingsform, ferie eller ferieaktivitetar til barn, unge eller familien, førarkort og bil, samt dekking av gjeld.
  • Der livssituasjonen og hjelpebehovet er av ein slik art at det å krevje at alle reelle moglegheiter skal utnyttast fullt ut vert ei for stor belasting for søkjar.

Korleis søkje:
Som hovedregel skal søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp fyllast ut. Søknadsskjema får du hos Nav Aukra. Dokumentasjon av inntekter, utgifter, evt. gjeld og/eller formue skal ligge ved søknaden.
Ta kontakt med NAV Aukra hvis du ønskjer å søkje om økonomisk sosialhjelp.

Søknadsfrist:
Det er ikkje søknadsfrist på økonomisk sosialhjelp.

Sakshandsamingstid:
Ordinær søknad:  Sakshandsaminga kan ta inntil 3 veker etter at søknad med dokumentasjon ligg føre. Heilt unntaksvis kan sakshandsamingsstida gå ut over       
3 veker. Då vil søkjar bli kontakta og få eit tidspunkt for når ein kan vente at søknaden er ferdig handsama.

Nødhjelp: Ved behov for nødhjelp kan ein rekne med svar innan 1-3 dagar, alt etter type behov.

Meir informasjon om økonomisk sosialhjelp
 

Tips ein ven Skriv ut