Bilde av penger og kalkulator

Økonomisk rådgjeving

Du kan søkje om økonomisk rådgjeving dersom du

  • opplever at du manglar økonomiske ressursar til å dekkje nødvendige behov
  • får vanskar med å betale rekningane dine
  • får problem med å betale tilbake gjeld

Du kan i tillegg få økonomisk rådgjeving i samband med søknad om økonomisk stønad til livsopphald (sosialhjelp).

Kva type hjelp kan du få?

Kommunen v. NAV Aukra kan hjelpe deg å setje opp budsjett med inntekter, utgifter, formue og gjeld. 
Viser budsjettet at utgiftene er større enn inntektene, vil du få råd om kva du kan, og helst bør gjere for å balansere dette.
Godt samarbeid er ein føresetnad for hjelpa. Som søkjar må du leggje fram dei opplysningane NAV Aukra treng for å kunne hjelpe deg.

Kommunen v. NAV Aukra pliktar å formidle kontakt med andre instansar om det er behov for det. 

Vedlegg til søknaden:

  • Kopi av siste sjølvmelding/utskrift av siste likning
  • Utskrift av bankkonto/-ar
  • Dokumentasjon på bustadutgifter
  • Dokumentasjon på lønsinntekt og/eller trygdeyting dei tre siste månadane
  • Dokumentasjon på eventuell bustønad og/eller annan type inntekt
  • Dokumentasjon på lån, kredittgjeld o.s.v.
  • Anna som kan vere aktuellt for saka

Til informasjon:  
NAV Aukra har ikkje noko ansvar for gjeldspostar eller andre forpliktingar som du måtte ha. Det vi kan bidra med, er å hjelpe deg med det målet å finne ei løysing på dine økonomiske vanskar.
 

Tips ein ven Skriv ut

Tenesteforklaringar