Kongsvinger vgs

Offentleg høyring: IKT strategiplan for oppvekst og kulturskole i ROR-IKT 2017-2021

20. mars 2017 - 04. mai 2017

Høyringsfrist: 04.05.2017

Kommunane Molde, Midsund, Vestnes, Rauma og Aukra inngikk interkommunalt samarbeid på IKT-området 01.01.2014. Styret i ROR-IKT har bestilt denne planen ut frå eit ønske om at medlemskommunane skal ha ein felles digital strategi for oppvekst og kultur. Dette er fyrste strategiplan som dekkjer heile oppvekstsektor frå 0-16 år.

Kva ønskjer vi å få tilbakemelding om:

  • Manglar det noko viktig?
  • Er du usamd i strategiske val?

Høyringsinstanser:

  • Ungdomsråd
  • FAU for barnehagane og skolane
  • Fagforeiningar
  • Dei politiske partia
  • Kunnskapsnett barnehage / skole

Høyringsbrevet med tilhøyrande høyringsdokument er tilgjengeleg i resepsjonen på kommunehuset og på Aukra kommune sin planportal.

Merknader skal sendast kommunen innan 4.5.2017, og vi ber om at de nyttar funksjonen "Send ein uttale til planen", der det og er høve å leggje ved relevante dokument.

Høyringsdokument
Høyringsbrev
IKT strategiplan for oppvekst og kulturskole i ROR-IKT 2017-2021

 





Tips ein ven Skriv ut