showImage

Nytt kloakkanlegg på Røssøyvågen

Massive utgravingar og omfattande anleggsarbeid skal bli til nytt kloakkanlegg med stor miljøgevinst for Smågevatnet, Røabukta og Solemsjøen.

Kommunen har starta ei storstilt opprydding og utbetring av hovudkloakksystemet for Rød, Solem og Småge. Dei private avløpa skal samlast, slik at avløpsvatnet går via eit felles reinseanlegg før det vert slept ut på djupt vatn. Det samla avløpet frå Rød og Solem vert også kopla på.

Driftsingeniør Dick Brevik, prosjektleiar for kloakkanlegget, seier gevinsten for naturen og miljøet i området er stor:

- Særleg det maritime miljøet vil nyte godt av omlegginga. I Smågevatnet blir det slutt på forureininga, og i Røssøyvågen vil den bli mindre konsentrert. Heile bukta vil få betra vasskvalitet, noko som også kjem badeplassen i Røaleira og Solemsjøen til gode, seier Brevik.

 

 

Store utgravingar til nytt kloakkanlegg øydelegg idyllen i Røssøyvågen denne sommaren. Men natur, miljø og idyll vil vinne til slutt.

Kloakkanlegg Røssøyvågen 

Fram til no har avløpsvatn sive ut i Smågevatnet og ført til tilgroing og forureining. Utsleppa i Røssøyvågen har skjedd på 10 meters djup, alt for nært land, og gropa i Solemsjøen har blitt kraftig forureina som ein konsekvens av dette. No skal avløpsvatnet sleppast ut ein kilometer lenger ute enn den gamle utsleppsstaden, på 20 meters djup, slik at større vassmassar får omfordelt og ført kloakken vekk.

 

Omlegginga kjem etter eit påbod frå miljøvernavdelinga ved fylkesmannen om å stoppe forureininga av Smågevatnet. I same operasjon vel kommunen å oppjustere hovudkloakken for bustadområda i nærleiken.

 

Det nye kloakkanlegget vil gjelde for 35-40 husstandar, for Solem I og II, det gamle bustadfeltet i Røssøyvågen og området rundt Rød bedehus og Coop. Anlegget vert tilrettelagt for Solem III og ubygging av Skaret/Bøen.

 

Prosjektet kostar 9,1 millionar kroner, dette inkluderer også nedlegging av fiber til breiband og gassleidning. Etter planen skal kloakkanlegget stå ferdig til slutten av august.

 

 

Tips ein ven Skriv ut