showImage

Nye turskilt på Nyhamna

Aukra har blitt ein turistattraksjon rikare. 22 informasjonsskilt er sett opp langs turstiane p Nyhamna. Dei fortel bde om steinalderbuplassar og om nordeuropas strste industrisatsing.
I samband med utbygginga av Ormen Lange vart ei av dei største arkeologiske utgravingane i Noreg nokon gong gjennomført. Fleire av skilta har tekst og illustrasjonar frå desse undersøkingane. Her finn du mellom anna informasjon om den eldste steinalderbuplassen på Gossen, eller om den 4000 år gamle barnegrava frå steinalderen. I tillegg til forskjelleg tradisjonsstoff, formidlar skilta også nyare historie frå kvalindustrien til industrieventyret Ormen Lange.  

.

Skilt Skarhaugen

Gå tur og bli lur! På toppen av Skarhaugen kan du lese og lære om både bureisingsbruka på Nyland og om utbygginga av Ormen Lange

Mange av skilta er plassert på utkikkspunkt nær Nyhamna, slik at turgåaren samstundes kan få eit overblikk over det gigantiske anlegget. Dei er teksta på norsk, men har også ein kortversjon på tysk og engelsk.

Skilta er laga av Møre og Romsdal Fylke i samarbeid med Hydro, som har finansiert prosjektet og turstiane. Initiativtakar fylkesarkeolog Bjørn Ringstad fortel at målet har vore å gjere historia og kulturen i området meir tilgjengeleg både for lokale og tilreisande.

 Skilt Eikrem gård

Skiltet på Eikrem gard fortel mellom anna om funnet av ei båtgrav frå vikingtida.

 

Mange av skilta er plasserte på turstien til Ørnehaugen, med om lag 20 minutt gåtid kvar veg til og frå utkikkspunktet. Ein kort grusveg tek deg til toppen av Skarhaugen der du kan lese om Ormen Lange og bureisingsbruka på Nyland. Her er det god utsikt over anlegget på Nyhamna. Ved foten av Skarhaugen er det god parkeringsplass. Det er også sett opp skilt på ein sti mellom Eikrem og forlegningsområdet, som fortel om eit stort flintfunn, sannsynlegvis ei offer-gåve til gudane. Andre skilt står på Jærmannburet, Eikremsbukta og Eikremsgarden, Futvika, Steinsneset, Tollhaugen.

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut