Apejungel ved Gossen barne - og ungdomsskole

Nye SFO-vedtekter for Aukra kommune

Aukra kommune har nye SFO-vedtekter som gjeld frå skoleåret 2017/2018. Difor må ALLE foreldre søkje om SFO-tilbod på nytt for skoleåret 2017/2018! Søknadsfrist er 1. april 2017.

Aukra kommunestyre har i sitt møte den 06.09.2016 vedteke ny forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i Aukra kommune (k-sak 70/16). Forskrift gjeld frå skoleåret 2017/2018. Under finn du informasjon om det nye SFO-tilbodet ved skolane i Aukra kommune. Reglementet finn du i høgremargen under "vedlegg".

Frist for søknad om SFO (både for vanleg plass og ferietilbod!) er 1. april kvart år.

Tilbod og opningstider

Dagleg opningstid er frå kl. 7.00 og fram til skolestart, og frå skoleslutt til kl. 16.30. Maksimal ophaldstid per dag er 8,5 timar.

  • Heil plass er 5 dagar per veke, morgon og ettermiddag.
  • Deltidsplass er 3 dagar per veke, morgon og ettermiddag. Det er mogleg å kjøpe inntil 10 enkeltdagar.
  • Ferietilbod (sjå eige avsnitt).

Ferietilbod

Det vert tre ferietilbod:

  • Haust- og vinterferie (2 veker)
  • Sommarferie (ca. 5 veker)
  • Haust-, vinter- og sommarferie (ca. 7 veker)

SFO er feriestengt i vekene 29, 30 og 31. SFO er og stengt dei 2 fyrste planleggingsdagane om hausten og fyrste verkedag etter skoleslutt om sommaren.
Det kan søkast om ferietilbod for barn som til vanleg ikkje har SFO. Søknadsfristen er den same som for søknad om vanleg SFO-plass: 1. april kvart år.

Betalingssatsar

Aukra kommunestyre fastset betalingssatsane. Auke i betaling for SFO vert varsla minimum 1 månad før iverksetting. Foreldrebetaling vert kravd inn kvar månad i 10 månader. Betaling for ferietilbodet kjem i tillegg til ordinær sats, og vert fordelt på månadleg betaling gjennom året.

Tilbod Sats
Fulltid kr 2.200,- / månad
Deltid kr 1.700,- / månad
Ferie kr 1.200,- / veke
Enkeltdagar kr 240,- / dag

OBS! Satsar for vanleg SFO-plass gjeld per månad, sats for ferietilbodet per veke!

Oppseiing

Barna får tildelt plass til dei går ut av 4. trinn, eller til oppseiing finn stad. Barna sine føresette kan seie opp plassen skriftleg med 2 månaders varsel frå den 1. i månaden. Ved oppseiing etter 1. mars følgjer betalingsansvar ut skoleåret. I spesielle høve, til dømes flytting ut av kommunen, kan rektor etter skriftleg søknad gjere unnatak frå reglane.

For oppseiing eller endring av plass, bruk skjemaet "Skolefritidsordning - ny plass, permisjon og utmelding" i høgremargen under "sjølvbetening".

Søknad

Aukra kommune brukar elektronisk søknadsskjema. Skjemaet finn du i høgremenyen under "sjølvbetening" eller under "skjema a-å" i hovudmenyen og heiter "Skolefritidsordning - ny plass, permisjon og utmelding". Du kan søkje om SFO-plass, endre tilbodet eller seie opp plassen med same skjema.

Tips ein ven Skriv ut