Kjerringsundet

Nye alternativ-vurderingar for Kjerringsundet

Aukra kommune har motteken og fått presentert i Kjerringsundet AS sitt styremøte den 16.2.17 rapport med nye alternativ-vurderingar for detaljregulering av ny veg mellom Gossen og Otrøya. Det går mellom anna fram av rapporten frå Rambøll at det kan vere ulike løysingar / traséar. Aukra kommune vil presisere at det ikkje er gjort vedtak i saka om val av løysing. Dette vil skje gjennom det pågåande reguleringsplanarbeidet. Planarbeidet er noko avventande til avgjerd om Møreaksen i Nasjonal Transportplan som vert behandla av Stortinget i løpet av vårsesjonen (april-juni) 2017.

Rapport ligg i høgremargen under "vedlegg".

Tips ein ven Skriv ut