ISTADNett logo

No får alle automatisk straummålar

Innan 1. januar 2019 skal alle nettkundar i Noreg få automatiske straummålarar

IstadNett vil i byrjinga av mars starte arbeidet med å skifte alle målarane i Aukra kommune. Arbeidet er planlagt ferdig til påske 2017.

Istad Nett og 9 andre nettselskap i Møre og Romsdal har etablert samarbeidsprosjektet Smart Strøm Nordvest.

Via dette prosjektet er det inngått avtale med elektroentreprenøren Bratseth AS. Det er montørar frå dette selskapet som vil skifte straummålarane til Istad Nett sine kundar.

Alle kundar skal ha fått informasjonsbrev frå Istad Nett, og vil innan kort tid bli kontakta av Bratseth via SMS/telefon/brev for å avtale tid for målarbytet. Sjølve målarbytet tek normalt 20-30 minutt. Dette medførar at straumen hos privatkundar må fråkoplast inntil 20 minutt.

Hos dei fleste næringskundar vil det ikkje vere nødvendige med fråkopling av straumen, då dei har ein installasjon med måleromkoplar.

Kunden er ansvarleg for at montøren har fri tilgang til målaren. Det er ønskjeleg at ein myndig person er tilstades når målaren byttast.

Prosjektet er vedteke av Olje- og energidepartementet.

Les meir om prosjektet på desse sidene:
IstadKraft
Endelig slutt på maset!
Nymåler.no

Kamstrup målarSmartStrøm-logo

Tips ein ven Skriv ut