A_Symbol_gronn_gronn

No er det tid for nytt val i Aukra Ungdomsråd

Ungdområdet i Aukra kommune skal ha intervju tysdag 20. juni 2017 kl. 17:30

Ungdomsrådet i Aukra kommune er eit talerøyr og ein felles arena for ungdommen i kommunen. Vi skal vere med på ivaretaking og fornying av interesse og auke samfunnsengasjementet til ungdommen i Aukra.

Hovudmålgruppa for medlemane våre er ungdommar i alderen 15-19 år, men du kan vere med frå det året du startar i ungdomsskolen. Om du har lyst å vere med å forbetre forholda til ungdommen, og ha ei stemme i politiske saker som angår ungdom i Aukra kommune, burde du melde deg på.

Om du vil melde deg på, kom på intervju tysdag 20. juni 2017 kl. 17.30 ved Aukra frivilligsentral. Kjem du frå Julsundet, ta 16.45-ferga og ta buss opp til Falkhytten. Vi køyrer deg på kaia etter intervju.

Tips ein ven Skriv ut