Næring

Næringsliv

Aukra ønskjer nye bedrifter velkomne
Næringslivet i Aukra er dominert av næringar knytt til hav og sjø: Skipsverft, offshoreindustri, oppdrett og fiskeforedling. I 2014 var 272 bedrifter registrerte (SSB), 145 av desse var sjølvstendige næringsdrivande utan tilsette. 2 bedrifter har meir enn 100 tilsette.
 

Nyhamna i Aukra er ilandføringsstaden for Ormen Lange gassen, og enno er det råd å sikre seg attraktive næringsareal i nærleiken av ilandføringsanlegget. I Aukra finns det både private og offentlege tomter til konkurransedyktige vilkår.

Næringslivet har i samarbeid med kommunen etabert Aukra Næringsforum - ein interesseorganisasjon som skal jobbe for å trygge arbeidsplassane og utvikle eit rikt næringsliv i kommunen. Aukra Næringsforum har omlag 85 medlemsbedrifter.

Aukra kommune har ikkje eiga bedriftsrådgjeving. Kommunen samarbeider med Aukra Næringsforum om rådgjeving, sakshandsaming og tilskotsforvalting. Har du spørsmål om næringsretta tema, etablering med meir, ta kontakt med Aukra Næringsforum.

Tips ein ven Skriv ut