Nabosamtykke

Byggverk skal ha ein avstand frå nabogrense som minst svarer til byggverket sin halve høgde og ikkje under 4 meter, dersom ikkje anna er bestemt i plangrunnlaget.

Kommunen kan godkjenne at byggverk blir plassert nærmare nabogrense enn nemnt ovanfor eller i nabogrense:

  • når eigar (festar) av naboeigedomen har gitt skriftleg samtykke eller
  • ved oppføring av garasje, uthus og liknande mindre tiltak.

Mindre tiltak i denne samanhengen er bygning der verken samla bruksareal eller bygd areal for bygningen er over 50 m2. Avgjerda gjeld tilsvarande for andre mindre tiltak som ikkje kan målast etter Norsk Standard NS 3940 Areal- og volumberekningar av bygningar.

Tips ein ven Skriv ut