MOT-logo

MOT

MOT besøk hos MFK 1
MOT besøk hos MFK 1
MOT besøk hos MFK
MOT besøk hos MFK
MOT besøk hos MFK
MOT besøk hos MFK
MOT besøk MFK
MOT besøk MFK
MOT besøk MFK
MOT besøk MFK

 

Sidan 2005 er Aukra kommune med i prosjektet "Lokalsamfunn med MOT". MOT er ein landsomfattande ungdomsorganisasjon som er retta mot å bevissgjere ungdom til å ta val som gjer at dei meistrar livet. Organisasjonen jobbar med haldningsskapande fokus på verdiar, val og for å gje ungdommen tru på sine eigne krefter. Det er 15 faste skolebesøk retta mot aktuelle tema i ungdomsskoletrinnet.

Aukra med MOT
Aukraungdommer er flinke i å profilere MOT gjennom deltaking på offentlege arrangement, som f.eks. Aukradagen. Ungdom Med MOT (UMM) vert skolert kvart år. Dei er gode rollemodellar for ungdom og er med i lokalt MOT-team. UMM er skolebesøk til 7.klasse for å kunne gjere overgangen frå barndomsskole til ungdomsskole lettare.

Lokalsamfunn med MOT skal vere eit verkemiddel for å skape eit varmere og tryggare oppvekstmiljø ved:

  • Styrke samarbeid og skape større forankring og eigarskap i alle ledd, frå ungdom til leiarnivå i kommune, fritid og skole.
  • Gje ungdom ein viktigare rolle og meir å si når det gjeld det lokale oppvekst- og ungdomsarbeidet.
  • Skape eit betre og meir sjølvstendig organisering av MOT lokalt.
  • Mobilisere fleire lokale ressursar som kan bidra til varmare og tryggare oppvekstmiljø.
Tips ein ven Skriv ut