showImage

Mors og fars historie på verdas bokdag

I den vesle skolestova p Hoem fortel Edvard Hoem om mora og faren si historie til lydhre 8. klassingar fr Riksfjord og Julsundet skole.

 

 

 

Edvard Hoem fengsla 8. klassingane frå Julsundet og Riksfjord skule med historia om foreldra sine.

Edvard Hoem 

 

Det er i høve Verdas bokdag den 23. april at Evy Bergum på Aukra folkebibliotek har invitert elevane frå skulane i Aukra til eit møte med forfattar Edvard Hoem og romanen hans, Mors og fars historie, som nyleg vart nominert til Nordisk råds litteraturpris.

 

Det er her, i den raudmåla skulestova frå 1886, at Edvard Hoem sjølv gjekk på skulen då han var barn og det er her romanen hans begynner. Kanskje det er difor elevane lyttar som tente lys ved dei gamle trepultane når forfattaren fortel og les. Det går ein rød tråd direkte frå det gamle klasserommet, til forfattaren og boka hans.

 

Forfattaren fortel korleis faren som 14-åring bestemte seg for å bli lekpredikant i nettopp denne stova. Faren reiste deretter ut og forkynte, og i Gudbrandsdalen møtte han ei kvinne som var forelska i og gravid med ein tysk soldat.

 

Elevane får høyre om skam, forboden kjærleik, og om korleis det mogeleg for norske jenter å falle for fienden. Edvard fortel at faren trassa folkesnakket og gifta seg med den ulukkelege jenta. Dei busette seg i Fræna, på heimgarden til faren, og fekk 6 barn. Edvard var eldstesonen.

–        Men dette vart ikkje nemnt med eit ord i oppveksten min. Ingenting av dette vart snakka om, fortel forfattaren.

Han fortel at han lenge hadde tenkt på å skrive om foreldra sine. Men han kunne ikkje gjera det så lenge dei levde, fordi temaet var så vanskeleg, fortel han ungane. Då foreldra var døde, bestemte han seg for å nøste opp den eigentlege historia, mellom anna ved å intervjue gamle damer og lese gamle aviser.

-         Eg har skrive ein roman, ein sann roman om foreldra mine. Og der eg ikkje er sikker på kva som eigentleg skjedde, dikta eg litt, slik at historia heng i opp. Når lesaren les, vil han sjå kva som er oppdikta, og kva som er faktiske hendingar, forklarar Hoem.

 

Etter at han har fortalt om foreldra sine, får elevane stille spørsmål. Dei spør kor mykje han tener som forfattar og om kva som gjer det artig å skrive bøker. Nokon spør kvar han bur. Når Hoem fortel at dei har forsøkt å spore opp den tyske soldaten utan hell, lurer ein kvikk elev på om han har prøvd Tore på sporet. Elevane i åttande er fascinert av den verkelege hendinga bak romanen.

-         Det var spanande å høyre på, spesielt om mora og korleis ho vart behandla, seier Even.

-         Ja, og om tyskaren, den kaldblodige sniken, legg Mathias til. Han seier at det er lett å sjå for seg det som hendte, fordi det faktisk har skjedd.

-         Kjærleik gjer blind, seier han, ikkje utan å flire.

-         Men vi veit ikkje om alt skjedde slik, han Hoem er ein god forteljar, seier Emil.

-         Skal de lese boka sjølv?

-         Kanskje, men eg trur eg skal vente til eg blir eldre, seier Even.

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut