www.aukra.kommune.no

Nøkler

Mellombels bustadtilbod

Kommunen ved NAV Aukra pliktar å finne eit mellombels bustadtilbod for personar som ikkje meistrar dette sjølv

Mellombels bustadtilbod er ei akutt løysing for bustadlause og er ikkje meint å vare over tid. Ein person som ikkje har ein plass å sove og opphalde seg det neste døgnet er å rekne for ein akutt bustadlaus. Orsaka til behovet for mellombels bustad og om situasjonen har vart over tid, er utan betydning for retten til slik teneste.

Treng du mellombels bustad, ta kontakt med NAV Aukra.

Tips ein ven Skriv ut