www.aukra.kommune.no

Torhaugmyra Aust Plankart

Melding om interesse for Torhaugmyra aust, konsentrert busetting

Kommunen har begynt å få spørsmål om tomtesal på bustadfeltet Torhaugmyra aust. Førebels har vi ikkje noko konkret tidspunkt for når tomtene vil leggjast ut og når det vil bli oppstart på utbygginga.

Det er fleire felt på Torhaugmyra aust som er avsett til konsentrert busetting. Desse vil bli lagt ut for firma til feltutbygging. For å ha ein rettferdig prosess
rundt interessa for desse felta og tildeling av dei, har kommunen lagt ut ei skjemaløysing der firma kan vise INTERESSA
si. Det vil ikkje vere muleg å registrere interesse for spesifikke felt i denne omgangen.

Når kommunen opnar for tinging av felt til konsentrert busetting, vil dette bli annonsert i Romsdals Budstikke og på heimesida vår. I tillegg vil dei som melder seg som interessert i skjema nedanfor få varsel via den e-postadressa som blir registrert.

For å registrere ditt firma som interessert, bruk skjemaet nedanfor ved å leggje inn firmanamn, organisasjonsnummer og e-postadresse.




Tips ein ven Skriv ut