Middag

Matombringing

Sjukdom, alder eller andre årsaker kan gjere at du ikkje er i stand til å ta vare på ernæringsbehovet ditt.

Bur du heime og har problem med å få laga/kjøpt middag til deg sjølv, kan du få maten tilkøyrd. Varm middag blir køyrt ut frå kjøkkenet ved Aukraheimen 7 dagar i veka.
Matombringing er behovsprøvd etter søknad.

Middag frå Aukraheimen blir køyrt ut av pensjonistar. Det er Frivilligsentralen som organiserer tenesta. Treng mottakar av mat hjelp for tilrettelegging av måltidet, er det Heimetenesta som bringar maten.

Pris for matombringing: middag med dessert kr 99,-, frokost eller kveldsmat kr 36,-.
 

Tips ein ven Skriv ut