Markeringa for 80-årsdagen for Roktaforliset

Roktamonumentet 80-årsmarkeringa 3
Roktamonumentet 80-årsmarkeringa 1
Roktamonumentet 80-årsmarkeringa 2
Roktamonumentet 80-årsmarkeringa 4
Roktamonumentet 80-årsmarkeringa 5

Markeringa av 80-årsdagen for Roktaforliset var 3. april ved Roktamonumentet på Rindarøya. Her var det omkring 40 frammøtte. Ordførar Bernhard Riksfjord la ned krans og Sharleen og Ely Clapperton spelte fiolin. Sverre Devold, leiar i Rindarøy velforening, hadde ei fin orientering om forliset og redningsaksjonen då Rokta gjekk på Gallerskjæra. Seks av mannskapet på tolv vart berga, og to av redningsmennene omkom. Redningsaksjonen vart følgd direkte på radio, og var den første radiosendinga gjort på denne måten.

Det var ei fin og verdig markering av det dramatiske forliset for 80 år sidan. Romsdals Budstikke har ein lengre artikkel om forliset.
Bileta er tatt av Lis Groven.

Tips ein ven Skriv ut