juni_720x692

Månadens kulturminne juni

BØRTREET

26. juni 2017
DSC_0203

Førpremiere

Dialekt er noko av det som visar kven me er og kvar me kjem i frå

Til årets Aukra dag har me i Sogenemnda bestemt oss for at me vill slå eit ekstra slag for dialekta vår. Her i Aukra har me fleire flotte ord som er unike får vår kommune. Nokon av desse har me samla på årets dialektkopp.

Den har sin offisielle premiere på Aukradagen 10.6.17 og vil bli selt for 150 kroner på standen vår.

06. juni 2017
Harpun i heilfigur

Månadens kulturminne Mai

Hapunen frå "Hugnad"

Mange eldre vil nok nikka gjenkjennande når dei ser denne harpunen. Denne typen var i bruk før dagens harpunar med sprengladning gjorde avlivinga av kvalen meir human.

Ved «fast fisk» var det å hale kvalen på skothol, og så avlive med eit, forhåpentleg, velretta rifleskot.

HarpunhovudetHarpunhovudet utslegen

Denne Harpunen har våre i bruk om bord i «Hugnad», eigar og skipper Albert Lyngvær frå Lyngværet.

23. mai 2017
Aurikkel i blomst

Månadens kulturminne April

Vår på Gossen

Lite kan måle seg med våren. Soltørste  gossingar og andre som er ute og nyt naturen, har ein unik flora å kvile auga på. I sørhellingane, særleg på Småge, er det no aurikkel i full bloms, og etter kvart kjem det blad på tre som knapt kan vekse lengre nord. Begerhagtorn har si nordgrense nettopp på Småge, og er eit flott skue når den blomstrar. Dessverre har stormar og naturinngrep gjort sitt til at den er blitt noko øydelagt. Elles finn vi her hassel, osp, hegg, selje, morell, rogn og bjørk. Hasselskogen er gamal, og far min fortalte at då han var ung, på 50-talet,  var det ikkje slik at dei kunne fare i «nætæskojinj» for plukke nøtter til eige bruk. Nei, dei kunne seljast for å spe på familien si inntekt. Eg ser mange er flinke til å bruke dei flotte turstiane vi har her i kommunen, og det er ein flott måte å komme seg tett på naturen. Neste gong du går tur, kan du kanskje ta med deg ei bok om flora? Vi har eit spanande mangfald!

02. mai 2017

Månadens kulturminne Mars

Gjøfjøre

På Vestlandet inkludert Nordmøre, i Fosen og Nord-Norge finst begrepet gjøfjøre som omhandler den ekstra store fjøra som forekommer sist i februar og mars.

31. mars 2017