Aurikkel i blomst

Månadens kulturminne April

Vår på Gossen

Lite kan måle seg med våren. Soltørste  gossingar og andre som er ute og nyt naturen, har ein unik flora å kvile auga på. I sørhellingane, særleg på Småge, er det no aurikkel i full bloms, og etter kvart kjem det blad på tre som knapt kan vekse lengre nord. Begerhagtorn har si nordgrense nettopp på Småge, og er eit flott skue når den blomstrar. Dessverre har stormar og naturinngrep gjort sitt til at den er blitt noko øydelagt. Elles finn vi her hassel, osp, hegg, selje, morell, rogn og bjørk. Hasselskogen er gamal, og far min fortalte at då han var ung, på 50-talet,  var det ikkje slik at dei kunne fare i «nætæskojinj» for plukke nøtter til eige bruk. Nei, dei kunne seljast for å spe på familien si inntekt. Eg ser mange er flinke til å bruke dei flotte turstiane vi har her i kommunen, og det er ein flott måte å komme seg tett på naturen. Neste gong du går tur, kan du kanskje ta med deg ei bok om flora? Vi har eit spanande mangfald!

Tips ein ven Skriv ut