Måleinstrument ved Kjerringsundet

Måleinstrument ved Kjerringsundet

I går vart det i regi av NIVA satt ut tre måleinstrument i og ved Kjerringsundet ved Aukra.

 

Dette prosjektet er i tilknyting  til forprosjekt for brusambandet der. Lokal fiskar bistod under arbeidet.

Vedlagte kart syner måleposisjonane. Instrumenta står nær botnen, langt frå overflata. Frå ankeret la vi ut eit iletau til ein dregg, og tau derfrå til blåser/kuler på overflata.

Desse er merka både med fiskerimerke og med «måling»/NIVA. I Storhaugsundet strakk vi iletauet inn til land, festa ved lyktesokkelen på Bollholmen, også med ei gul kule merka med NIVA.

Målarane skal stå i ein månad.

Tips ein ven Skriv ut