showImage

Lokal drift av gassleidningsnettet

Aukra Gass AS skal f drive det lokale leidningsnettet for naturgass p Aukra. Det gjekk kommunestyret inn for 26. september.

 

 

 Aukra kommune har lagt ned 7,5 km gassrøyr for å legge til rette for lokal bruk når gassen kjem til Nyhamna. Kven som skal drive det lokale gassleidningsnettet har vore eit tema i mange kommunestyremøte. Både det lokale Aukra Gass AS og Naturgass Møre AS har vore aktuelle kandidatar til oppgåva. I sist kommunestyre vart det avklart. Politikarane stemte med både hjerte og hjerne når dei vedtok at Aukra Gass AS skal få tilbod om å drive det lokale leidningsnettet for naturgass. Rådmannen fekk i same vedtaket mynde til å halde fram forhandlingar om ein endeleg avtale, som skal leggast fram for kommunestyret.

 Kommunestyret

Etter gruppediskusjonar gjekk kommunstyret inn for at Aukra Gass AS skal få drive det lokale leidningsnettet for naturgass.

 

I vedtaket heiter det også at ’kommunestyret vil oppmode til kontakt mellom Aukra Gass AS og Naturgass Møre AS om ei muleg felles utnytting av ressursane og dei fordelane nærleik til ilandføringsterminalen på Aukra gir for vidareutvikling av selskapa’.

 

Aukra Gass AS er eit selskap under stifting, med  28 lokale aksjonærar. Selskapet har 2 360 000 kr i aksjekapital. Per Olav Mevold er styreleiar.

 

Tips ein ven Skriv ut