Legevakt

Legevakt

Legevaktstelefon:  116 117 

Øyeblikkelig hjelp: 113

Legevakta for Aukra kommune er ei interkommunal legevakt for Aukra, Midsund og Sandøy kommune. Fire fastlegar og tre turnuslegar deler på vakta. Turnuslegane kan ved behov kontakte fastlege som er bakvakt.

Vakta startar kl.15.00 på kvardagar fram til kl. 8.00 neste dag. Døgnvakt i helgar og på heilagdagar.

Når du ringer legevaktsnummeret kjem du i kontakt med spesialsjukepleiar ved legevaktsentralen ved Molde Sjukehus som ber om opplysningar om kva det gjeld, kan gje råd og sender så melding til legen på vakt.

Legen kan gje råd over telefon, komme på heimebesøk, avtale konsultasjon ved legekontoret eller ombord i legevaktsbåt der det fins utstyr til prøvetaking og behandling.

Når du ringer 113 kjem du til AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) ved Ålesund sjukehus.

Hugs, ved alvorleg eller livstruande sjukdom ring 113
 

Tips ein ven Skriv ut