Ledsagerbevis

Ledsagerbevis

Dersom du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søkje om ledsagerbevis.

Eit ledsagerbevis gjer det mogeleg å ta med seg eit følgje utan ekstra kostnader på kultur- og fritidsarrangement og på transportmiddel der ordninga blir akseptert. Du betaler sjølv gjeldande priser.

Kven kan få ledsagerbevis?
Ledsagerbevis er tilsikta på personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for assistanse for å kunne delta på arrangement.
Ledsagerbevis vil blant anna vere aktuelt for personar med:

  • Rørslehemming
  • Høyrslehemming 
  • Synshemming
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Andre typar funksjonshemmingar, som psykiske lidingar og hjarte-lunge-sjukdomar og anna

Korleis søkje om ledsagerbevis
Dersom du har behov for ledsagerbevis, kan du søkje kommunen din om det. Søknadsskjema finn du i høgremenyen under sjølvbetening. Du må legge ved passfoto ved søknaden.

Når du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak) anten du får innvilga ledsagerbevis eller ikkje. I vedtaket skal det stå kva tenester du har fått, kor omfattande dei er og korleis dei blir organiserte.

Det er den einskilde arrangøren eller verksemda som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis og kva rabatt ledsagerbevis gir. Kommunen har informasjon om kva stader ledsagerbevis blir akseptert. Du kan også vende deg direkte til den einskilde arrangøren eller verksemda.

Søknaden sender du til
Aukra kommune
Nyjordvegen 12
6480 Aukra

Kontaktinformasjon
Tove Charlotte Æsøy (71 17 15 77 / 986 12 740)


Pris for tenesta
Ledsagerbevis er gratis.

Lover
Tenesta er ikkje lovpålagt.

Saksbehandlingen
Ved behov kan kommunen hente inn uttale frå anten fastlege, legespesialist, offentleg godkjend helseinstitusjon eller kommunen sin helse- og omsorgstilsette om søkjaren sitt behov for ledsager.

Klage ved avslag på ledsagerbevis
Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket du har fått, kan du klage. Dette gjeld både dersom du er ueinig i omfanget av tenesta eller du har fått avslag på søknad om ledsagerbevis. Då skal kommunen gi rettleiing i korleis du kan klage. Du kan nytte klageskjemaet som ligg i høgremenyen "Klage på enkeltvedtak"

Klaga skal sendast til kommunen, som skal vurdere saka på nytt.

Tips ein ven Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteforklaringar