showImage

Ledige stillingar ved grunnskolane i Aukra kommune

Det er fleire ledige stillingar ved Riksfjord skule på Gossen og Julsundet skule på Julsundet. Søknadsfrist er 1. april.

Aukra kommune har vel 3000 innbyggjarar og er nabokommune til Molde.   Som vertskommune for ”Ormen Lange-utbygginga”, er Aukra ein kommune i rask vekst og utvikling. Sjå www.aukra.kommune.no.

 

LEDIGE STILLINGAR VED GRUNNSKOLANE I AUKRA KOMMUNE

Kommunen har to grunnskolar.   Hovudmålet er nynorsk.

 

Riksfjord skole ligg på øya Gossen og er ein 1-10 skole med 337 elevar.

Skolen har SFO som for tida gir tilbod til 45 elevar. Skolen administrerer også deler av vaksenopplæringa i kommunen.

Julsundet skole ligg på fastlandsdelen, er ein 1-10 skole og har 170 elevar. Skolen har SFO-tilbod til 25 elevar.

 showImage.asp?imgID= 7189

 

Riksfjord skole:

1. Ledige vikariat våren 2006:        

A.        Ledig vikariat i 100 % undervisningsstilling i tida frå 15. april 2006 og ut skoleåret. Vikariatet kan bli forlenga. Vikaren skal dekke fagområda tysk på ungdomstrinnet og Norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

B.        Ledig vikariat for vernepleiar i 100 % stilling i tida frå 15. april og ut skoleåret.

Vikariatet kan bli forlenga. Vernepleiaren har sin arbeidsstad både i skole og SFO.

2. Ledige stillingar frå 01.08.06:   

A.        Undervisningsinspektør i fast stilling. Inspektøren har mellom anna spesialundervisning som ansvarsområde.

B.        Inntil 4 undervisningsstillingar på barne- og ungdomstrinnet. Fagønskje er mellom anna natur og miljø, tysk, engelsk og kroppsøving.

C.        100 % stilling som vernepleiar/barnevernspedagog. Arbeidsstad skole og SFO.

D.        Det kan og bli ledig faste og midlertidige stillingar som assistent i skole og   SFO.

            Det er ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

 

Julsundet skole:

1. Ledige stillingar frå 01.08.06:

A.        Inntil 3 undervisningsstillingar. Det er ønskjeleg at dei som søkjer kan dekkje fagområda norsk, engelsk og natur og miljø.

B.        Det kan og bli ledig faste og midlertidige stillingar som assistent i skole og SFO.

 

Kommunen kan tilby:           -      lønn etter tariff

-         vanlege kommunale tilsettingsvilkår

-         pensjons- og forsikringsordningar i SPK

-         dekking av flytteutgifter etter eige regulativ

-         ei utfordrande stilling i eit utviklande miljø

-         gjensidig prøvetid på 6 mnd.

 

Sønadsfrist 1.april 2006.

Søknad skal sendast rektor ved den aktuelle skolen. Eventuelle spørsmål kan ein rette til skolen ved rektor ellert inspektør

Riksfjord skole, 6480 AUKRA. Tlf. 71171470  -  riksfjord.skole@aukra.kommune.no

Julsundet skole, 6409 MOLDE. Tlf. 71171880  -  julsundet.skole@aukra.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut