Annonse teknisk sjef

Ledig stilling som teknisk sjef i Aukra kommune

Aukra kommune lyser no ut ei stilling som teknisk sjef.

Frå 1.1.2018 blir 3 tekniske einingar slått saman. Dette er plan og utvikling, teknikk, eigedom og brann (TEB) og
utbygging. Aukra kommune tilbyr ei spennande leiarstilling med mulegheit til å påverke utviklinga og organiseringa av
denne nye eininga som til saman vil ha 56 tilsette inkl. frivillig brannmannskap.
Rådmannen er næraste overordna og einingsleiar er aktivt medlem i rådmannen si leiargruppe.
Ny leiar skal bli tilsett i god tid før den nye eininga er etablert, og blir sentral i arbeidet med å forme organiseringa.

For meir informasjon og søknad på stilling

Søknadsfristen er 26.06.17

Tips ein ven Skriv ut