eldre med rullator

Ledig stilling som miljøarbeidar, 100 % fast, Eining heimetenester

I Eining heimetenester, dagsentertilbod for heimebuande personar med demens er det ledig 100 % stilling fast som miljøarbeidar.

Arbeidsoppgåver og deltaking i:

Miljøarbeid og ansvar for innhald til brukarane i dagsenterdrifta
Delta i utvikling av interkommunalt samarbeid for å skape robuste fagmiljø og samarbeid om tenester.
Delta i arbeidet med å utvikle ein god modell for demensomsorga i Aukra.
Delta i oppbygging av tverrfagleg team, nettverksmøter og utviklingsarbeid
Fokus på folkehelse i tillegg til individretta tiltak
Samarbeid med spesialisthelsetenesta på system og individnivå i samarbeid med andre

Krav til søkar

Kompetanse/erfaring om demens
Vi søker etter ein person som kan arbeide sjølvstendig og vere pådrivar til å utvikle tenester for målgruppene.
Personen må ha gode evner til å arbeide i team.
Søkar må ha førarkort og må, enkelte dagar, kunne disponere eigen bil.
God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
Bruke nynorsk som målform

Vi søkjar etter helsefagarbeidar eller fagperson med helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå som er genuint interessert i demensomsorg.

Personar som er engasjert, motivert og har lyst å delta i utvikling av tenester i Aukra kan søkje.

Personleg eignaheit blir vektlagt høgt.

For meir informasjon og søknad på stillinga

Søknadsfristen er 01.01.18

Tips ein ven Skriv ut