A_Symbol_gronn_gronn

Ledig stilling som einingsleiar Heimetenester

Aukra kommune har ledig stilling som einingsleiar for Heimetenester.

Om eininga/avdelinga

Eining heimetenester har ansvar for heimesjukepleie og praktisk bistand, psykisk helse og rus. Det er tre dagsentertilbod for målgrupper

- psykisk helse og rus
- dagsenteraktiviteter for målgrupper i demensomsorg og eldre.

Arbeidsoppgåver

Einingsleiar er medlem av rådmannens leiargruppe og blir rådmannens næraste medarbeidar innanfor fagområdet heimetenester.Vi søker etter ein person som skal ha den daglege leiinga med økonomiansvar, personalansvar og fagansvar. Vi ønsker søkarar med leiarkompetanse og god økonomisk innsikt. I eininga i dag er det god kompetanse innan fagfelta.

Krav til søkar

  •  Leiarerfaring innanfor personal og økonomi
  •  Høgare utdanning innanfor arbeidsområdet
    Som leiar er/har du:
  •  Inkluderande og samarbeidsorientert
  •  Ein tydeleg og strukturert leiarstil med godt humør og evne til å inspirere og stille krav til medarbeidarane
  •  Fokus på videreutvikling av tenestene.
  •  Digital kompetanse

Bruke nynorsk som målform.

Kontaktperson

Ingrid Husøy Rimstad, Rådmann, mobil: 452 75 415, ingrid.husoy.rimstad@aukra.kommune.no

Jan Erik Hovdenak, Kommunalsjef, mobil: 924 14 627, jan.erik.hovdenak@aukra.kommune.no

For søknad og meir informasjon om stillinga

Søknadsfrist er 27.10.17

Tips ein ven Skriv ut