vinter

Langtidsopphald i institusjon

Personar som har behov for døgnkontinuerleg pleie og omsorg på grunn av sin fysiske eller psykiske helsetilstand kan søke om langtidsopphald.

Langtidsopphald vert tildelt ut frå faglege vurderingar. Opphaldet skal ha ei klar målsetting som er utarbeidd i samarbeid med bebuar og pårørande. Personalet skal motivere til sjølvhjelp og bruk av bebuar sine eigne ressursar. Personalet skal samarbeide med fysioterapeut/ergoterapeut og bidra til utprøving/tilrettelegging av hjelpemiddel og  oppfølgingsplan. Pårørande hjelper bebuar med tenester utover det institusjonen kan gje tilbod om, til dømes å følgje til sjukehus, tannlege og anna. Alle private klede skal vere merka. Institusjonen kan ikkje ta ansvar for klede som ikkje er merka.

Kontakt:
Besøksadresse: Aukraheimen, Aukravegen 303, 6480 Aukra
Postadresse: Aukraringen 25, 6480 Aukra
e-post: post@aukra.kommune.no
Telefon 71 17 11 30
Einingsleiar Siri Halvorsen  mobil 976 45 133
 

Tips ein ven Skriv ut