Bilde av verktøybelte og hjelm

Kvalifiseringsprogrammet

Har du levd på sosialhjelp over lang tid, eller står i fare for å komme i ein slik situasjon, kan du få hjelp gjennom Kvalifiseringsprogrammet.

Kva er eit Kvalifiseringsprogram?

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg om opplæring, arbeidstrening og oppfølging som du treng for å komme i arbeid eller meiningsfull aktivitet. Programmet gjev deg også høve til å få avklart kva rettar du kan ha til inntektssikring om du ikkje meistrar ordinært arbeid.

  • programmet skal vere på full tid, dvs. antal timar tilsvarande ordinær arbeidsveke
  • du får løn og vanleg ferie
  • du har rett på barnetillegg om du har barn
  • du kan ha rett til bustønad

Kvalifiseringsprogrammet er ein ny moglegheit for deg som:

  • ønskjer å komme i arbeid eller aktivitet og vil bruke evner og ressursar på noko nyttig og meiningsfullt
  • har levd på sosialhjelp over lang tid, eller står i fare for å komme i ein slik situasjon
  • har vore i ulike hjelpetiltak tidlegare, utan at dette har ført til arbeid eller avklaring
  • har idear om korleis livet kan bli betre, men er usikker på korleis du skal få det til
  • kan tenkje deg ein forutsigbar økonomi med ei fast løn (kvalifiseringsstønad) tilsvarande 2G samt evt. barnetillegg og bustønad.

Tenkjer du at Kvalifiseringsprogrammet kan vere noko for deg? Ta kontakt med NAV Aukra.

Tips ein ven Skriv ut