Tre prestebarn som pukkar blomar på påskeliljemarka. f.v. Maria Synøve, Synøve Maria og Steingrimm (sittande). Bilde tatt 1932. Givar: Mary Fanghol.

Kulturminne

«Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til», Lov om kulturminne § 2.

Aukra kommune har ei rik og unik forhistorie som har eit spenn over eit stort tidsrom. Frå dei tidlegaste registrerte busettingane i Noreg, etter at isen trakk seg tilbake etter siste istid og fram til gasseventyret vi i dag er ein del av. Spora etter menneske strekk seg i Aukra over ei periode på over 12 000 år.

Det er vi som lever i dag som må ta ei avgjerd i høve til kva verdi desse fortidsminna skal ha for vår samtid og for nye generasjonar i åra som kjem.

God kulturminneforvalting har som utgangspunkt å finne rom for bevaring og rom for bruk av kulturminne. Samtidig er det ein verdi å halde døra open for utvikling av det som er nytt. Vi må heller ikkje gløyme at historia og kunnskapen har verdi sjølv om det fysiske minnet vert borte. Dokumentasjon og kartlegging er difor viktige oppgåver innan kulturminnevernet.

I aukande grad er vi blitt klar over kva rolle lokal historie og særeigenheit har for utvikling av identitet og kjensla av å høyre til i sitt eige lokalsamfunn. Kulturminna representerer vår felles historie og vår identitet som folkeslag. Dei minner oss om dei ytre faktorane som i ulik grad har påverka den lokale eigenarten.

Tips ein ven Skriv ut